søndag 22. november 2009

Jentenes Kveld

Kva skal ein seie om denne kvelden? Gutane på Rødde kan det!

Beachparty. Gutar i bar overkropp innsmurt i olje. Madrasser på golvet. Penis-bordkort. Limbo. Rave. Moglegheit til å få gå i somerklede. AKKURAT kva ein ynskjar seg i denne mørke, triste tida.  Eit skikkelig lyspunkt!  

Eg er særleg nøgd med bordkortet mitt; ein pepperkakedeig-penis. Legg merke til detaljer. 


Desverre har eg ikkje eige kamera, dermed fekk eg ikkje teke eigne bilete frå kvelden, noko eg gjerne ville gjort. Juegåvetips, mor. 

Ha ein fin søndag!


tirsdag 10. november 2009

Snø?

"Eg likar når det kvite kjem!"
-Åsmund

torsdag 5. november 2009

Små gleder i einsamheit


I desse rolige timar utan sosialt samkvem må eg ty til minner om det som ein gong var. Og når eg då har gått gjennom alle bileta mine, då har eg ikkje meir å gjere på. Så då legg eg dei ut på den nye, spanande bloggen min. 

Dette er nokre av bileta som får meg i godt humør!



Jallex drøymer om høgder han aldri vil nå og krefter han aldri vil få.




Ane og Lucia utgjer eit fantastisk par. Her som quasimodo og tilfeldig sigøynerchick. Esmeralda er ut. Enjoi



Min fantastiske pus som nettopp har gjort eit enormt comeback etter harde månadar med mark i magen. På tida då biletet vart teke var han liten og bitinga var sjarmerande. No er han omlag 4 kilo tung, "blonk i pelsen" som mor stadig hevdar, og har sabeltenner. Bitinga er med det same. Verdas finaste pus!



Sunniva, minsta i familien. Ho kan ikkje stort endå, men ho er veldig god på ein ting, og det er å sjarmere. Dette biletet gjer meg særleg glad. Gleiar meg til jul!


HAHA. Alt eg har å sei. Ingrid Elise er verdsmeister i å gjere alt eg ber ho om. Og eg ler.




Sjølvsagt, når eg sit inne på eit rom for meg sjølv, kan eg ikkje kome frå å sakne denne guten her. Då han fann ut at eg hadde byrja med blogg, sa han "jaa.. jeg hadde også en blogg en gang. Tror kanskje jeg var 14 år? Du har tapt, Astrid". 


Prøv å ikkje la deg påverke av dette. 



Ane og Suzanne i Danmark. Verdas beste tur. Slike søte jenter kjem ein alltid i godt humør av!



Såja, takk for meg. Der fekk eg jammen brukt opp endå ein time. Snart leggetid.
I morgon er eg fri frå fangenskap.

Isolat

Det må seiast at eg aldri hadde tenkt å opprette meg ein blogg. Men sit ein åleine på rommet sitt på ein folkehøgskule, då må ein.
Akkurat nå gjekk det opp for meg at det eigentleg var ganske upassande å byrje blogging no, det har ikkje skjedd ein ting dei siste 3 dagane. Eg er ferdig med sesong 5 av Grey's. Cast Away var ikkje ein like bra film som eg trudde. Eg er lei knekkebrød. Åsmund og Kjetil har begynt å game WOW. Det er det nye.

Kanskje eg skal spare meg til eg faktisk har noko interessant å skrive.

Kanskje mor blir glad.