onsdag 2. desember 2009

Kvar vart det av livet?

Akkurat no er ikkje livet noko å samle på.

Kjetil, Åsmund og Ann-Kristin, pluss 80 elevar er forsvunne. Dei reiste i går, Ann-Kristin med Musikk og MD til London, Kjeilt og Åsmund med FF og BC til Sverige. I tillegg reiste AS på overnattingstur i går kveld, som forresten var ein usannsynleg dårleg kveld:

  • eg var åleine
  • eg var trøtt etter rangling med Ruth
  • medan eg såg på frustrerte fruer, skrudde pcen seg av midt inni.
  • eg fekk på pcen att, såg how i met your mother, han skrudde seg av ein gong til (endå eit julegåvetips, mor)
  • etter pcen hadde skrudd seg av for andre gong, var det halvannan time til kveldsmat, så eg leste litt i boka mi for å få klokka til å bli 8.
  • vakna klokka 9..
  • la meg til å sove, utan kveldsmat, klokka halv 10. 

Når eg vakna i dag var livet litt betre. Fekk ein oppblåst ballong med myntar inni i pakkekalenderen. Forsåvidt nøgd med det. Kva kan ein forvente?

No må eg bort å ete lunsj. Gjekk glipp av frokosten i dag og, så på tide å få i seg litt mat. Gler meg!