mandag 6. desember 2010

Juleverkstad

På søndag var det julestemning utan like i bakken. Snø, julemusikk og BAKING!
Juleverkstaden var redusert til berre baking, men ikkje noko dårlegare av den grunn!
Her er nokre bilete frå hendinga.





Sjølvutløysar-leik
"Finn kamera"


Medan eg la inn bilete frå bakinga kom eg over nokre bilete frå tidlegare hendingar denne hausten:

Då rommet mitt var sjukestue

Då jentene kosa seg heilt åleine heime!

Då Ane Haarr slo alle i armbakk

Då me hadde alt for mange på innflytningsfest men var glade fordetom

Då Ane Haarr var sur og fin

Då det var så fint ver at me kunne vere ute i sola!


Gleiar meg til mars!


I dag hadde eg forresten fyrste eksamen. 2 igjen!

torsdag 2. desember 2010

XAMEN

Sidan eg no berre har to effektive dagar att til eksamen, og har ein god del stoff att å lese, bruker eg den effektive tida mi på å skrive på bloggen. Eg og Ane Birkeland sit på studentsenteret og teiknar sol rundt antikken og skriv navna våre i staden for det vi skal skrive. Eksempel på kva eg burde skreve: "I nytteetikken forstås lykke vanligvis hedonistisk som lyst og fravær av smerte, men i dygdsetikken forstås lykke snarere som en form for vellykket virksomhet som har med selvrealisering å gjøre".
Rundt dette bordet er alle (Ane og meg) einige om at den høgste lykke er å bli ferdig med eksamen. Og julemiddagen. Ikkje ferdig med julemiddagen. Men rett før.

Sånn ellers i livet er det ikkje stort å rapportera om. Det eg kjem på er:
- konsert i morgon
- Thailand i mars
- jul 24.desember
- Ane har og fått jobb på Salsa (ja, me er så godt som ein mekanisme med to hjernar snart)
- Kakemann-baking på laurdag

Håpar på å få legge inn ein hendingsrapport frå juleverkstaden på laurdag.

torsdag 4. november 2010

Update

Sidan sist har eigentleg kurva gått litt ned. Fann ut at eg hadde omlag 70 tema på 40 dagar som eg MÅ kunne for å bestå eksamen. Pluss ein heimeeksamen. Pluss eit fag som me byrja på i går som eg ikkje fekk så mykje ut av.

Men til min store lettelse kunne eg i går etter skulen ta bybanen til Jorunn og sleppe å lage middag sjølv. Eg trong bare å bidra med noko godt til etter maten (noko eg ikkje klarte, i og med at kontoen min var rød). Men uansett, god mat, kjekke folk, FIN leiligheit. Mor, du har alltid hatt rett, ein må faktisk kveikje ljosa!

Over til noko heilt anna.
Koret eg er med i, Gospel Bergen, skal ha julekonsert saman med Christine Guldbrandsen og ein til som ingen bryr seg særleg om. 3. desember skjer det, Johanneskyrkja er staden, og dette blir heilt magisk! Gå på billettservice.no og skaff deg tilgong til hendinga!

Forventar omlag eit slikt oppmøte


Og forresten, HEIA KJETIL! IKKJE GJE OPP LESINGA!

tirsdag 2. november 2010

Haust!

I dag var den gode dagen. Den dagen då eg begynte på ex.fac oppgåva mi som eg har vegra meg for å byrje med i over ein månad. Den dagen då dei byrja selge mandariner i butikken. Den dagen då eg oppdaga alle dei fine haustfargane. Den perfekte dagen for å byrje blogge att!

For min kjære sambuar Ane Birkeland var ikkje denne dagen like god. Ho måtte på skulen. Ho måtte vente på meg ved kyrkja. Ho såg ei fuglevinge på bakken. Ho hadde 34 kroner, og måtte be meg leggje ut for margarin og gulerøter.
Men kjekk er ho. Då eg møtte ho ved kyrkja, sa ho "Jeg blir så mye mer glad av å se deg enn alle andre som går her! Hadde jeg hatt hale hadde jeg logra!" Ein god dag vart endå betre.

No er det tid for middag, og etter det skal eg ha meg ei mandarin. Årets fyrste!





tirsdag 23. februar 2010

Tannlege

Vil berre få retta ein takk til tannlegen min, som presterte å bedøve tunga mi, såpass at eg ikkje var i stand til å seie i frå om at eg faktisk var veldig følsom i akkurat den tanna ho drilla i. Kjempegreier!
No er eg i alle fall feiande flott i munnen. Om ikkje noko anna.

mandag 22. februar 2010

Heime i Årdal

Her heime er underhaldningsfaktoren veldig høg!
Ingenting å klage på.

Sunniva kosa seg i badekaret

Mor og far syns photo booth er morosamt

onsdag 17. februar 2010

Flott

Heime igjen!
Prøver fortsatt å lande skikkeleg. Medan eg driv med det, legg eg ut nokre bilete frå turen.



Masaai-folket hadde eit lite show for oss då me var på besøk

Liten elefant vinn over stort tre

Vesle guten hadde aldri før sett ein kvit. Sprang ut frå huset sitt og skreik etter oss.

Utsikta frå toppen av Ngorongoro-krateret. Biletet er stusseleg i forhold til opplevinga.

Nede i krateret fann me mange skapningar, der i blandt sebra.

Store dyr vert små i desse enorme omgivelsane.


Løvene var ikkje særleg interesserte i oss. Like greit, kanskje.

I Mombasa var det mykje bading, og undervatn-kamera kom godt med. Det gjorde forsåvidt utsjånaden min, også.

Fellesbilete under vatn.


Til slutt slenger eg med eit bilete som fortel kvifor eg sakna Paradis så mykje undervegs!

Godt å vere heime att.

fredag 22. januar 2010

Haydom

Fyrst må eg beklage for dårleg aktivitet på bloggen, men mykje har skjedd, og intenett har våre langt vekke. Men no er me komne til Haydom Lutheran Hospital, og her har me funne oss ein internett-kafé. Eg kan dessverre ikkje få publisert bilete på denne maskina her, men lovar at det skal kome ut snarast mogleg.

Det som har skjedd, er mykje. Siste del av Nairobi gjekk med på å vandre i slummen, ete krokodille og gå på ein smell med frisørbesøk. Vi vart kjent med ein frisørskule, og det var ingenting dei heller ville, enn å få dulle med det nydelige, mjuke håret som me nordmenn har.
Norke gjekk for laushår, nokon fletter og andre krøller. Alt forsvann i løp av eit døgn. Men det var ein fantastisk opplevelse, og me angrar ikkje på det. Så lenge me fekk håret vårt tilbake..

Etter Nairobi, tok me turen til Arusha, Tanzania. Kjøyreturen tok 7 timar, og var alt for kort. Det var så utruleg mykje å sjå langs veien, at ingen trudde på at turen hadde tatt 7 timar. Me kjøyrde rett gjennom maasai-land, og det var ein fantastisk natur. Ubeskriveleg.

Arusha var ein flott plass. Me budde også her på Scripture Mission sine lokaler, og levde fine dagar med eit hus for oss sjølv. Her var me i slangepark, nok ein gong, fekk sjå på at slangane vart mata med levande høns og mus. Forferdeleg å sjå på. Men slik er vel naturen..
Me var og innom eit maasai-marked, og vart nærast dradd inn i skura deira etter håret. Me vart nøydde til å kome oss ut derfrå, og satse på at alle vart med. Idet med kjøyrde ut fra staden, kunne me fortsatt høyre "come, sistah, see wat i gat for yo!" runge mellom husveggane.
Siste kvelden i Arusha, vart me anbefalt å besøke ein restaurant med navn Kahn's. Me syns det høyrdes heilt greit ut, men vart litt skeptiske då me var på vei ner ei mørk bakgate der strømmen hadde gått. Taxisjåføren sette oss av, og kjøyrde. Så stod me der. Me sette oss på eit bord, og ein kelner fortalte oss at me måtte forsyne oss med salat. Nokre gjorde det, andre ikkje. Eg gjorde ikkje, og vart ikkje sjuk. Andre gjorde. Men for all del, ein fantastisk opplevelse! Såklart.

Etter Arusha, var det tid for safari! Me vart henta tidleg onsdags morgon, og kjøyrde til Lake Manyara Nationalpark. Der fekk me sjå apekattar og bavianar, sjiraffar i store flokkar, bøfflar på strande, flodhestar i vatnet og elefantar på nært hold. Me fekk til og med sjå ein elefant ta den daglege vasken, verre 20 meter frå bilen vår. Eit fantastisk syn! Me var imponerte, og nøgde, heilt til me, dagen etter, kom opp på toppen av Ngorongoro-krateret og fekk sjå ned. Eg smørar ikkje tjukt på når eg seier at elevar felte tårer og eg sjølv hadde syns det var heilt greit om alt slutta akkurat der. Men eg vart sjølvsagt brutalt dradd vekk frå den tanken. Me skulle jo ned dit! Då me byrja turen ned over, tenkte eg at det kanskje berre hadde vore like greit å holdt på tanken eg hadde der oppe, for denne turen var umogleg å overleve, uansett. Stort sett rett ned, bilen halvveis på sida og, sjølvsagt, ikkje noko setebelte. Men me kom oss ned. Eg kan sjølvsagt fortelle i detalj om kva me såg, men det har eg ikkje tid til. Me fekk sjå sebra, gnu, struts, bøffel, nasehorn, flodhest, elefant og best av alt; løver på jakt etter ein bøffelflokk. Me hadde 3 løver ein meter frå bilen, der dei gjekk og traska tålmodig for å vente på at det rette tidspunktet til angrep skulle komme. Me gadd sjølvsagt ikkje vente heilt til natta, så me kjøyrde vidare, og fekk ikkje vere vitne til noko særleg action. Men flotte dyr, det er det sanneleg.

Me kom oss opp at frå krateret, som eit under spør du meg. Me tilbrakte vår siste natt på Moyo Hill, kor me sov i stråhytter, og reiste i dagtidleg hit til Haydom. Har ennå ikkje gjort så mykje her, men fartinga byrjar vel i morgon, tenkjer eg.
Når eg kjem tilbake til Arusha på fredag, skal eg prøve å få lagt ut bilete frå alt eg har opplevd.

Litt lei av edderkoppar i senga mi, men eg klarer vel det 20 dagar til.

Asanti Sana, Squash Banana!
(Tusen takk, knust banan!)

tirsdag 12. januar 2010

Kamera i boks

No er kameraet oppe og går, og de skal få eit lite innblikk i kva eg ser om dagane. Dette er bare eit lite utvalg, eg kan ikkje få med meg alt. Det som stadig vert nevnt gruppa i mellom,  er at me kan ikkje forstå at me berre har våre her i 3 dagar. Det føles som om me allereie har opplevd heile Afrika, og at me snart skal heim att. Men det skal me ikkje. 

Bileta her viser litt kva me gjorde dag 2. Vi var innom ein elefantbarneheim og ein slangepark. Dessverre utebler bilete av slangar, men det var andre skapningar i parken, og. Håpar mange blir misunnlege når dei ser kva me driv med!  


Rommet vårt her i Nairobi


Elefantføter er klumsete, men veldig sjarmerande. Dei har puter under, så ein kan mesten ikkje  høyre at dei går. 


Skilpadder har kanskje endå meir klønete føter enn elefantane igjen. Me fekk vere vitne til elskov mellom to av dei. Også ein ganske klønete prosess.


Rett der me parkerte bussen var det ein flokk med deisse. Villsvin? I alle fall utruleg stygge dyr. 


Her er gjengen i bussen og gira etter møte med både apekattar, elfantar og galne afrikanarar på marknaden.


Elefantar på omlag eit halvt år. Kosete skapningar.


Overraskande små. Til å ete opp.


Snakkast snart!


søndag 10. januar 2010

Karibu!

Framme! Endeleg. Flyturen var fantastisk lang, og fantastisk søvnlaus. Eg var utstyrt med verdas beste nakkepute. Likevel vart det lite søvn, og eg fekk god tid til å benytte meg av skjermen som var utstyrt på kvart sete, med film og anna underholdning. Nei, vent, min skjerm var vel den einaste i heile flyet som ikkje verka? Slik var det, ja.

Nei, eg lid ikkje så voldsomt. Når me landa i dag tidleg klokka 7 lokal tid, 5 norsk tid, var humøret på topp! Me vart henta av ein buss med sjåfør som skal vere vår resten av turen. På vei ut frå flyplassen til den norske skulen kor me bur, fekk me kjent litt på Afrika. Både i form av svettelukt, sjiraffar langs vegen, avisselgerar i rushen på motorvegen og dei flate løvenes konge-trea.



Eg skal ikkje skryte på meg dette biletet, heller ikkje at ein har opplevd ein så fin afrikansk solnedgang, faktisk ikkje ein afrikansk solnedgang i det heile. Men mitt kamera er tom for batteri, og eg har ikkje adapter. Dette skal sjølvsagt fiksas snarast mogleg.
Kva som vert planen i morgon, veit eg ikkje, men noko kjekt blir det!
Eg skal passe på å informere alle så godt eg kan om kor kjekt me har det!
Hade!
("karibu" betyr "hei", forresten)

lørdag 9. januar 2010

Dagen før dagen

June har flytta heile mediaanlegget sitt bort til Paradis for å gjere meg best mogleg førebudd til turen. Stikkord er filmar, musikk, kviskresnakking og kos. Her kan ein sjå kor konstruktive me er:



Rottemor gruar seg til Astrid skal reise.

Takk som byr!

torsdag 7. januar 2010

Afrika

Eg må unnskylde på det sterkaste for manglande aktivitet på bloggen i det siste. Etter at livet mitt tok slutt, vart underhaldningskurva voldsom bratt retning opp, så eg fekk mykje viktigare ting å gjere enn å skrive blogg. Det er ikkje dermed sagt at kurva no er på vei ner att. Tvert i mot, vil eg seie. For tida oppheld eg meg stort sett saman med reiseklassen på skulen og forberedar meg til tur til Kenya! Har og besøk av Kristian som vil sei hadet før eg reisar. Koseleg.

Menja, eg har så smått byrja pakke. Somarkjolar, solkrem, myggspray, oppblåsbar pute, malariapiller og pass er eit lite utvalg av kva som ligg strødd på rommet mitt for tida.
Eg har eigentleg ikkje stort meir å meddele akkurat no, men eg har eit håp om å få tilgang til internett medan eg er der, og få lagt ut nokre bilder og tekst om korleis opplevinga er!

Fortsatt fin dag til alle!