torsdag 4. november 2010

Update

Sidan sist har eigentleg kurva gått litt ned. Fann ut at eg hadde omlag 70 tema på 40 dagar som eg MÅ kunne for å bestå eksamen. Pluss ein heimeeksamen. Pluss eit fag som me byrja på i går som eg ikkje fekk så mykje ut av.

Men til min store lettelse kunne eg i går etter skulen ta bybanen til Jorunn og sleppe å lage middag sjølv. Eg trong bare å bidra med noko godt til etter maten (noko eg ikkje klarte, i og med at kontoen min var rød). Men uansett, god mat, kjekke folk, FIN leiligheit. Mor, du har alltid hatt rett, ein må faktisk kveikje ljosa!

Over til noko heilt anna.
Koret eg er med i, Gospel Bergen, skal ha julekonsert saman med Christine Guldbrandsen og ein til som ingen bryr seg særleg om. 3. desember skjer det, Johanneskyrkja er staden, og dette blir heilt magisk! Gå på billettservice.no og skaff deg tilgong til hendinga!

Forventar omlag eit slikt oppmøte


Og forresten, HEIA KJETIL! IKKJE GJE OPP LESINGA!

tirsdag 2. november 2010

Haust!

I dag var den gode dagen. Den dagen då eg begynte på ex.fac oppgåva mi som eg har vegra meg for å byrje med i over ein månad. Den dagen då dei byrja selge mandariner i butikken. Den dagen då eg oppdaga alle dei fine haustfargane. Den perfekte dagen for å byrje blogge att!

For min kjære sambuar Ane Birkeland var ikkje denne dagen like god. Ho måtte på skulen. Ho måtte vente på meg ved kyrkja. Ho såg ei fuglevinge på bakken. Ho hadde 34 kroner, og måtte be meg leggje ut for margarin og gulerøter.
Men kjekk er ho. Då eg møtte ho ved kyrkja, sa ho "Jeg blir så mye mer glad av å se deg enn alle andre som går her! Hadde jeg hatt hale hadde jeg logra!" Ein god dag vart endå betre.

No er det tid for middag, og etter det skal eg ha meg ei mandarin. Årets fyrste!