onsdag 30. mars 2011

Evakuering

I dag har vore ein litt spesiell dag. Fekk beskjed i dagtidlig at dei no evakuerar øya me er på, òg. Så me vart nøydd for å reise ned til kaien og prøve å komme med ein militærbåt til fastlandet. Nede ved kaia var det tett med folk, fleire hundre, som venta på å komme med ein båt. Me måtte skrive navna våre og kor me ville dra til på ei liste. Me fekk beskjed om at dei ville lese opp dei som skulle få vere med til fastlandet, maks 150 personar. Me forstod fort at me ikkje kom til å komme med, så me reiste heim att. Fekk seinare høyre at den eine båten som skulle komme til Koh Phangan ikkje kom likevell. Vêret var for gale.

Så no sit me her fortsatt, usikre på ka tid me kjem herfrå. Har fått beskjed av fleire lokale at det er lurast å bare reise så fort me får moglegheit. Så me ventar til i morgon, reiser ned att til kaia og håper på å komme med. Dei har kjøyrt helikopter til Koh Samui i dag for å redde ut folk derfrå. Personleg har eg eit lite håp om at me no får moglegheita til å kjøre helikopter! Men berre litt..

Eg veit eg sa i går at eg skulle legge ut bilete, men har ikkje fått tid til det i dag. Skal fikse i morgon!
Sjølv om nyheitene høyres veldig fæle ut, så har me det veldig fint. Kosar oss på resorten vår, spelar kort og et mat. Stort sett.

Meir utfyllande oppdatering i morgon! God natt!

tirsdag 29. mars 2011

Lyspunkt

Vanlegvis, når me sit her i restauranten om kvelden, må me brøle til kvarandre for å høyre kva me seier. Regnet hamrar mot taket, mot golvet mot alt som er innan rekkevidde, og lagar enormt mykje lyd. Men i kveld, i kveld er det akkurat som om naturen har skrudd seg av. Det er heilt roleg. Som å samanlikne herlige Årdal ein sommarkveld med Times Square nyttårsafta. Så no håper vi det snur.

Elles er Koh Samui, kor me kom frå, evakuert av militæret og vegen til flyplassen o.l er stengde. Ingen båtar går til eller frå Koh Phangan, kor me er no, så me er så og sei fanga her. Men det er greit, det er fint her. Det blir som eit eige samfunn av oss som sit fast her. Folk skulle ha reist her frå for 2 dagar sidan for å rekke flya sine, men det er ikkje mogleg. Så no er det berre ein utruleg ro her, me kan ikkje gjere noko med det og me gjer det beste ut av det.

I dag var me inne i byen her, kjøpte oss regnponcho og åt på markedet. Veldig koselig. Bilder kjem i morgon.

Når me sat me på rommet og las, ringde plutseleg telefonen min. Det var tante Turid som ville høyre korleis situasjonen var. Det var godt å få ein bekreftelse på at det faktisk fins liv utanfor vårt vesle reiselag. Ein blir faktisk i tvil. Så eg takkar for den koselege telefonsamtalen!

Elles har denne dagen våre roleg og fin. Det byrjer bli tegn til flaum her og, vegar har blitt til elver og slikt, men me kjøyrer rett gjennom. Me blir våte og alle kleda våre luktar surt, men det ordnar seg.
Me er inne i reisemodus.
Likar det!

søndag 27. mars 2011

SJUKT!

Ok, regnet var morosamt dei fyrste dagane. No har det gått over alle grenser. Flaum på Koh Samui. Me kom oss akkurat avgarde før vegane vart stengde og me fanga. Me var utruleg letta då me kom oss på båten til Koh Phangan. Den tryggheita varte i omlag 5 minutt. Overfarta mellom øyene er den verste opplevinga eg noko gong har hatt. Dødsangst på høgt plan, utan sidestykke. 5-6 meter høge bølger, me i ein liten, skjør trebåt. Starta med litt voldsom hamring mot sidene, enda med å nesten velte med båten 3-4 gonger og panikk inne i båten. Eg var heilt sikker på at det var mine siste minutt. Så sjokket var ganske stort då me plutseleg sat i ein bil på land. Me er endå relativt rysta. Det vil seie, Ane Haarr sat med augene lukka heile turen, så ho hadde ikkje fått med seg heile situasjonen på same måte som meg og Ane Birkeland.

Akkurat no sit vi i resepsjonen på Power Beach Resort og held oss føre øyrene. Det tordnar og brakar over oss. Straumen lev sitt eige liv, og nettene her består av total mørke. For å seie det mildt, eg vil heim.
Men me satsar på at det gjer seg om nokre dagar. Meldingane tilseier i alle fall det. Hvis ikkje gidd ikkje eg sitte her med hjartet i halsen lenger.


Sidan det regnar og tordnar så mykje, har vi god tid til innandørsaktiviteter. Som å legge inn bilete:


Regnet starta rundt 2 på dagen, og vegane vart slik i løp av 10 min


Snik oss til litt leik på stranda mens det er opphald



Slakkline er fint å ha når me ikkje får sola oss



På toget. Veldig positiv opplevelse!


Ein vill sjø som me såvidt var uti


Me les mykje bøker..


Ymse metodar for å halde seg tørr


Den eine dagen me har våre på stranda


På marknaden, ein heldig gong me var tørre.



Håper dykk er heldigare med vêret heime. Her går det på både fysisk og psykisk helse laus.
(For dykk som måtte lese dette utan å kjenne min måte å snakke på, så øvedriv eg. Døtrene dykkars har det fint! Berre litt spente)

torsdag 24. mars 2011

Stemning på topp!

Monsumregn, froskeangrep, blomstergardiner, store bryst(A&A), litt mindre bryst (A), sand i trusa, GOD mat, fantastisk masasje, ikkje så fantastisk voksing, trafikkulukker, bølger såpass store at me ikkje kjem oss uti vatnet og thaimenn som vil spandere tequila (me sa sjølvsagt NEI).
Kjapt oppsummert.

Me solar oss om morgonen, går langs stranda og kjøper fersk mango, tek masasje og et heilt til regnet kjem, då må me søke tilflukt i hytta vår. I dag brukte me ventetida på å sove. Håper me klarer å vende oss av med dette.
Me har ennå ikkje gjort noko som er særleg oppsiktsvekkande, men me kosar oss veldig.

Kort kjem når sola kjem. Gidd ikkje skrive kort i regnvêr. Det føles bare feil.

mandag 21. mars 2011

Framme

KLAMT

Det er så varmt, her. Og regnet som var meldt, det ser me ikkje noke til. Reiseruta vart endra litt av forskjellege grunnar. No går turen fyrst til Koh Samui. Så får me sjå litt. No ligg me i ei seng på eit hotellrom som me fekk for dagen og ventar på toget vårt.
Har ikkje stort å fortelje ennå, men måtte bare gje livstegn frå meg når eg fyrst hadde internett!

Ynskjer du kort, må eg ha adressa.
Ha ein fin, kald vår. Eg kjem att når det byrjar bli bra.

Love and hugz

søndag 20. mars 2011

Siste kveld

Veldig lite å seie i dag.
Fokuset ligg mest på å prøve å bli frisk, i og med at eg vakna i dag med noko som minnar om influensa. Det passa meg ekstremt dårlig. Har benytta meg av alle triks i boka, der i blandt gurgle vademecum, drukke varmt vatn med sitron i, tatt fleire dosar med solhatt og gitt kroppen c-vitaminsjokk.

Ellers har eg bestemt meg for å ikkje ta med meg pcen på tur, men skal prøve å blogge så ofte eg har molegheit.

Me er veldig spent, alle saman!
Satsar på å kome med eit litt meir lystig innlegg snarast.
Adios

INFO

Fyrst må eg gjere ein vennskapleg jobb for mine nære vener:
Gå inn på denne lenka ved å kopiere og lime ho inn i søkefeltet; http://wildfireapp.com/website/6/contests/86451/voteable_entries/17646882?order=recency , og trykk på vote!
Då vert alle glade!

Det neste er at frå juli av, står vår fantastiske leiligheit ledig. Den består av 5 soverom, eit bad, kjøkken og stove, ligg midt i sentrum og er det beste leiligheita i Bergen, det er eg sikker på.
Så om du treng ein flott plass å bu frå sommar av, så gi meg lyd. Me flyttar vekk frå Bergen, derfor blir leiligheita ledig frå juli av. Så om du skal finne ein plass å bu i Bergen, og har lyst å bu billig og sentralt, då finn du ikkje betre alternativ enn dette.

lørdag 19. mars 2011

...2

19.mars, 2 dagar til avreise.

Gløym det eg sa i går om "men så er det ikkje stort eg skal ha med meg".
I dag har eg reist til Bergen, og hadde sjølvsagt gløymt alle sommarkleda eg hadde her. Hadde og gløymt at eg må ha med meg sko. Og sjølvsagt må eg ha med meg ganske mange par med sandalar. Så no veg sekken omtrent 10 kilo tyngre enn planlagt. Men det mest negative som kan kome ut av det, er at eg vert sterkare i ryggen, og kjem heim sjåande ut som ein solbrun og blond versjon av Marit Bjørgen. Hatar når det skjer.



I tillegg har eg pakka med meg alt mogleg av praktiske MacGyver-ting eg har funne i leiligheita. Så sekken er godt stappa med både ein rull med plastposar, elastisk bandasje (kvifor har eg slikt liggande rundt på rommet mitt?), betennelsesdempande krem og nokre klesklyper. Ein veit aldri.

Og forresten fekk ikkje Kristian fri til å komme på besøk denne helga, så no erklærar eg om litt krig mot forsvaret. Gidd ikkje finne meg i slikt. (kjende eg vart litt redd av å annonsere noko slikt på interveven, så om nokre som har innflytelse mot all formodning les dette, så meiner eg det ikkje. Det er berre for å underhalde.)
Heldigvis kjem Kristian, Joachim og Sjur på besøk om 3-4 veker. Det ser me alle fram mot!

Såja, det var dagens update. Om nokon har våre i Thailand og har tips til kva anna eg må hugse av MacGyver utstyr eller klede, gjerne minn meg på det.

No sit eg aleine i leiligheita og venter på at nokon skal kome heim. Eg er svolten. Men ingenting skjer. Trur ikkje voksenlivet er heilt mi greie endå.
Hade

fredag 18. mars 2011

Countdown

18.mars. 3 dagar til avreise. Spent? Eigentleg ikkje.

Eg har vel ikkje hatt særleg med tid til å tenke over at eg skal reise. Sit fortsatt heime i Årdal, og har ikkje pakka stort endå. Men så er det ikkje stort eg skal ha med, heller. Nokre t-skjorter, nokre shortsar, kjolar og singlettar. Nokre sko. Og tannkosten.

Eg, Ane og Ane er på heilt forskjellege plasser, så ingen av oss får glede seg i lag.
Eg er på barneskulen på Hjelmeland og kosar meg der som vikar. Ane H er på Qmeieriet og tappar mjølk. Ane B er i Bergen og jobbar på kantina. Så me regnar med at på tirsdag, då me kjem fram, vil livskvalitetskurva stige drastisk. Sjølv om akkurat no kunne eg like godt våre heime å hatt fredagskos med familien kvar dag, resten av livet. Ingenting er betre! Men alle veit jo at det er ikkje fredag kvar dag...


Eit LITE irritasjonsmoment er at det er meldt regn heile neste veke i Bangkok og i resten av Thailand. Men det kan vel ikkje skade. Eller kan det det? Det vil vel vise seg når me får ungar.




Elles så er stemninga heilt grei. Eg hadde håpa på å få sett Kristian før eg reiste, men no spørs det, og. Militæret har blitt ein av mine største fiendar.

Stemningsrapport vil og bli avgitt i morgon.
SoLong

torsdag 17. mars 2011

Ynskjeliste

Dette er ting eg syns manglar i tilværelsen min:


Digitalt speilreflekskamera. Slik at eg kan ta bilete av meg sjølv og sjå så fin ut:

Om ikkje sjå slik ut sjølv, så i alle fall ta så fine bilete.




Ynskjer meg ei skikkeleg nakkepute.



Ein slik kropp hadde våre heilt ok, minus den tattisen, der.




Og sjølvsagt pengar. Hatar å elske det.



******


Saknar slike omgivelsar rundt meg. Kvifor bur me ikkje på Pandora?


..men om ein verkeleg ser seg rundt i verda, så er det ikkje så langt i frå.


Men den STØRSTE draumen;


...er å vere ein del av brorskapet

Slik ville det sett ut.
(må berre nevne at ja, eg er inni der, men eg glir ganske fint inn, vanskeleg å legge merke til)

"Skyt fart, hesten, gje meg all den styrke eg kan få! Spring heimatt til far min, sei at eg er på veg! Hopla, vrinsk, vransk.
Men hold, kven var den lyse langs vegen? Slik eit uttrykk, kvar var tankane? Ingenstad.
Og denne grå, han trur han har raskare hest enn meg, men nei. Fyk!
Han fektar med sverdet, denne svarte. Han fektar og fektar. Og fektar.
Rødhåra gnom med øks, brølar, så dei vene øyrene mine raslar.
Toskete mann, dør før me kjem i gong.

..og så desse fire små, desse fire halve. Mine favorittar, eg leikar dei er borna mine. Alle saman. Kanskje far min veit noko?
Eg lyt spørje"



Eg ynskjer at eg kunne kalle på elvar.
Eg ynskjer at eg hadde like god kontroll på bogen som på eit tastatur.
Eg ynskjer at eg hadde verdas raskaste hest.


lørdag 12. mars 2011

Sweet

Kva gjer ein ikkje for å få litt reising og sol på kroppen?
Ein trossar tsunamiar, jordskjelv, radioaktiv stråling og faren for å få ungar med 4 føter.

Me SKAL til Thailand. Koste kva det koste vil.

(No var planen å legge til nokre bilete frå einten hiroshima eller tsjernobyl. Men vart så skremd av bileta sjølv at eg ikkje orkar. Legg heller til nokre koselige bilete som alle blir glade av å sjå på)




Fantastisk

fredag 11. mars 2011

Graset er alltid grønare på andre sida..

Plutseleg var kjedelige februar over, og mars ankom med brak og røyk. 1.mars; seier opp jobben i Bergen, reisar heim og tar sjansen på å få vikarjobb på skulen. 2.mars; telefonen ringer kl 8 om morgonen, det er kaos på skulen og dei treng vikar. 3.mars; fiksa meg fast jobb på skulen fram til eg reiser. 4.mars; fiksa meg fast jobb på skulen fra eg kjem heim fra Thailand og fram til 31.juli.

Alt såg lyst ut. Alt gjekk på skinner. Heilt til; "åja, Thailand i 2 mnd, ja, så kjekt! Har dåkk fiksa dåkk visum, då?"

.....


Datoen stod nå 6.mars, og det var knappe to veker til visum måtte vere i hende. Telefon til posten, til visumservice til kvarandre og til alle andre som må hjelpe å sende passa våre verda over, siden ingen er i same hus som passet sitt akkurat då. Skrive ut på alle slags skjema og billettar, og betale ALT for mykje for å få alle nødvendige papirer og pass under same tak. Etter mykje styr og søvnlause netter gjekk det seg likevel til. 9.mars var alle pass postlagde og på veg til Oslo, og me kunne slappe av. Det var i alle fall det me vart fortalt.

11.mars:
Ane Birkeland: "har du hørt noe fra visumservice?"
Astrid: "ja, fikk mail i går, alt e i orden. Har ikkje du?
Ane: "nei...kjekt"

Sende mail til visumservice, dei har ikkje motteke noke brev fra Ane Birkeland. Kult, kvar er passset då? Ringe posten, som, langs vegen (les:btw), garanterte at hennar brev skulle vere i Oslo 7.mars, høyre om dei veit kvar brevet er. Nei, dei har ikkje peiling.

Banning og steiking, stresshovudverk og alt frå fortvila hyl til "at-det-går-an"-latter.

Visumservice kan ikkje garantere at dei får klargjort visum på ei veke. Særleg sidan dei ikkje har motteke noko å klargjere. Så me er alle einige om at posten er den store, stygge ulven her. Med sine lovnadar om at A-post leverer brev til dagen etter, og lokker Ane med at ho kan spare nokre kroner på å sleppe å sende med OverNatt. Dei berre lyg. A-post kan ta opp til ei veke!


Så denne helga kan bli festeleg.
Å, så godt at du kom med litt action, mars.


slik ser ei stressa dame ut