onsdag 4. januar 2012

Endringar, ikkje min favoritt

No har det seg slik at eg, Ane Birkeland og Ane Haarr nok ein gong skal ut på tur. Me reiser i morgon tidleg kl 11.30 frå Gardermoen. Kva som skjer etter det, er vanskeleg å seie. Det me veit sikrast er at Ane Haarr reiser heim att i midten av januar for å gå på skule. Så etter det er det berre oss to blonde, høglytte igjen. Me skal til Costa Rica. Trur me. Det er i alle fall meininga at flyet skal lande der, så får me sjå. Av erfaring veit me at me sjelden havnar der me hadde tenkt å havne, så dette blir spennande.

MEN! Det som vart eit lite problem for meg, med tanke på at eg veldig gjerne vil at heile verda skal sjå kor utruleg fine og kjekke me er på tur, var at blogspot.com ikkje fungerer på IPhone. Så eg vart rett og slett nøyd for å opprette ein NY versjon av astridiverda, så no skal alle som ein klikke seg inn på astridiverda.blogg.no i staden for denne. Eg har ikkje hatt særleg med tid på å gjere den presentabel for fintfolk, men det får vere godt nok, eg tenkjer de er glade berre de får sjå på oss.

Så, eg seier det ein gong til; astridiverda.blogg.no

Adiós!