søndag 17. april 2011

Kommentar

Tredje innlegg på same dag, eg er rett imponert over meg sjølv. No var det fleire grunnar til at eg følte trang til å skrive endå ein gong.

For det fyrste; Me som er her i Thailand syns det er veldig kjekt å fortelje korleis me har det. Men det me syns er aller kjekkast er når nokon snakkar tilbake til oss. I dette tilfellet snakkar eg altså om kommentarar på innlegga. Eg legg merke til at det ofte er så mange som 50 hits om dagen (oyes!), men ikkje ein einaste kommentar. Så tenkjer eg; korleis kan dette ha seg?
Det einaste fornuftige svaret eg kjem på, er; Dei veit ikkje korleis dei kommenterer! Det må det vere, for sjølvsagt har alle LYST til å bruke omtrent 1 minutt av internett-tida på å fortelje oss kor glade dei er i oss/kor kjekt det ser ut som me har det/kor utruleg fine me er (meg og Haarr, det).
Så no kjem innføringskurs i kommentering. Altså;

Trykk på "kommentarer", skriv noko fint i kommentarfeltet. På "kommenter som", velger du Navn/Nettadresse og så skriv du inn namnet ditt der. Trykk "fortsett" og sidan "legg inn kommentar".
SLIK. Då forventar eg kommentarar. No har de ingen unnskyldning. Til og med du, mor, kan få til det.

Den andre grunnen var denne:



Ynskjer alle ei god natt!

Ymse

Sidan sist har me no reist til Bangkok. Her har me hatt nokre fantastiske dagar med Songkran (vatnfestivalen) og eit ganske imponerande natteliv. Bangkok er absolutt levande om kvelden.
Akkurat no sit me på hotellrommet med a/c-en på minus 1000 for å ikkje daude av væskemangel. I morgon reiser me sørover, til Krabi, for å møte Kristian, Sjur og Joachim. Det skal bli ganske koseleg!

Menja, Bangkok. Eg er imponert.
Her kjem eit lite utvalg av bilete frå diverse deler av turen. Merk; ikkje kronologisk.



Stevie (Harry) og Ane (Ginny) på toget inn i Laos

Tre fantastiske jenter på ein restaurant i Bangkok. Pynta seg og alt. Ein sjelden affære.

Bileta frå Songkran er absolutt ikkje nok for å beskrive opplevinga. I korte ord, det er nok verdas største og mest vennlege vatnkrig. Ein blir velsigna med leire i fjeset og alle andre stader og får iskaldt vatn over seg. Me gjekk i denne paraden i over 4 timar, og det var heilt fantastisk!

Dette biletet viser kanskje 10% av sanninga. Klissblaut og leire overalt. Her hadde me berre våre ein tur utforbi hotellet..

Avskjed med deler av reisefølget. No er me atter berre oss tre igjen.

Ein må sjølvsagt skrive helsingar til kvarandre før ein reiser og mest sannsynleg aldri sjåast igjen. Utruleg lett, faktisk.


Mogleg det allereie har gått opp for nokon at Harry Potter har våre eit gjennomgåande tema. Her kjem det til sin rett.


Høgare ville eg ikkje..


Me er ganske sikre på at det er spelt inn opp til fleire reklamefilmar her.


Ane prøver seg på å reklamere for såpe


Eg prøver meg på å reklamere for minoritetenes rettigheiter



Just another night in Bangkok..


Denne baren er jo av dei meir originale. Her likte me oss.

Må berre advare mot det neste som kjem no, det er ikkje det eg er mest stolt av. Men det må presenterast. Ein annan gjennomgåande tendens har våre stygge ansikt. Ganske enkelt, gjer deg så stygg du kan på bilete. Nokre er ikkje særleg gode på å vere stygge, men eg og Ane H er skremmande gode på det. Sidan dette er ein ganske stor del av opphaldet og tidsfordrivet, må det mesten berre visast. Her er altså favoritten..

............


Berre for å gjere det godt att. Vanskeleg, men eg prøver meg.


lørdag 16. april 2011

B-day

Ville berre ynskje Kristian tillukke med dagen!
Håper dagen blir fin til trass for at du må tilbringe dagen på reisefot.
Me ser alle fram til å møtast!

Kjærleik og kos frå alle oss i Bangkok!

onsdag 13. april 2011

Oh, Harry

Her kjem bilete fra Laos, himmel på jord!


Bussordningane er ikkje heilt optimale her aust. Som de kan sjå, sit me tre stykk på eit og eit halvt sete. Sophia har faktisk ikkje sete, ein gong. Glade.

Her er me på toget frå Bangkok til Laos. Hogwarts express. Akkurat likt.

Ankomne Laos. Her viser dei einten Family Guy eller Friends på alle barar og restaurantar. Så du legg deg ned i ein bås, og blir ofte liggande i fleire timar. 7, kanskje.


Jentene klare for tubing. Aldri før har me våre så skeptiske og aldri før har me følt oss dummare. Sjå på oss, då.


Aldri før har noko gått så mykje over ALL forventing!
Lett den beste opplevinga mi til no, i alle fall;


Svinging frå halsbrekkande høgder (Ane Haarr som svingar seg her),


null kontroll ned straumen, for så å bli fiska inn til neste bar av ein som kastar tau til oss,


fantastisk musikk, fantastisk bar, fantastisk waterfall,


vatn overALT,


og tidenes gjeng!



Sjølvsagt er Laos og eit land som er utruleg vakkert visuelt,


med nydelege fjell.


Stadig møter ein nye sjeler, som alle har noko å bidra med,


einten det er kos,


eller fame og glam!
Takk Carl, du var snill som ville ta bilete med PR-kåte Ane. (det tok ho tre dagar å manne seg opp til å spørje)


Akkurat no sit me i Chiang Mai. Trudde vatnfestivalen ville bli ei fantstisk hending som me kom til å digge. For å sei det slik, i går gjekk me rundt på eit kjøpesenter i 8 timar for å sleppe å bli kasta vatn på. RIMELEG leie av vatn.
Så i kveld tar me toget til Bangkok igjen, og håper på at det skal bli sol sørover. No vil me ha strand.

Takk for meg!

fredag 8. april 2011

Laos

Eg maa berre beklage. Her i Laos har me store problemer med aa faa tilgong til internett. Men no har eg funne meg ein intrnettcafe. Faar desverre ikkje moglegheit til aa legge ut bilete, men det skal eg fikse seinare.
Her i Laos har me det heilt fantastisk! Me tuber i elva kvar dag (sitte i ein ring ned elva, stoppe innom forskjellige aktiviteter, som svinging i enorme svinger, skli i alt for store sklier osv), steiker oss i sola og koser oss i det utruleg skitne vatnet. Fordelen er at gjoermevatnet er kjempebra for huda, aldri foer har eg vaare saa glatt!

Me har vaare her fraa tirsdag av, og skal reise vidare til Chiang Mai paa soendag. Der skal me vere med paa Songkran, vatnfestivalen. Trur det eigentleg berre er ein stor vatnkrig.
Me reiser fortsatt saman med Maxine og to av hennar vener. Kjempegjeng!
Treff stadig nye interessante skapningar. Ladyboys, galne svenskar, Carl fraa paradise og vatnedderkoppar er berre eit beskjedent utvalg.

Saa snart eg har skaffa meg skikkeleg internett, skal bilete ut!
Saknar dykk heime, det skal seiast.
Stay tuned

søndag 3. april 2011

...

Eg likar ikkje dette.
No som me har kome oss vekk frå alle ulykker og naturkatastrofer, så er det liksom ingenting å blogge om. Turen har plutselig blitt så ordniær.
Sol, bading, mat, meir mat, klarting i fossefall, ridning på elefantar, driving i elva. Slike ting. Ordniære ting.

I mitt stille sinn ventar eg på nye utfordringar som kan gje meg saftig bloggstoff. Men ikkje ting me døyr av. Berre nesten. Knock on wood. Nei, eg angrar. Gløym det.

fredag 1. april 2011

Oppsummering

Ja, no har mykje skjedd på få dagar. På torsdags morgon fekk me nok ein gong beskjed om å kome oss ned til kaia og prøve å få tak i ein billett. Denne gongen med hell! På desse ventedagane har reisefølget utvida seg så smått, og dei nye medlemma vil bli presentert litt lenger nede. Nokon av dei har sjølvsagt forlete gruppa igjen, i og med at me har komt oss vekk frå øya. Då me kom i land på andre sida, vart me sjokkert over korleis det såg ut der. Kjem også lenger nede.
No har me komt oss trygt til ein stad nord for Bangkok som heiter Kanchanaburi. Her blir me nok til sola forlet oss igjen, så fylgjer me ho kor enn ho går. Kan sjå ut som om ho har tenkt seg til Laos. Så då blir det vel Laos, då.

Her kjem i alle fall bilete frå den siste tida:

Her venta me på skift på å få tak i ein taxi på Koh Samui. Det pøsregna og taxiane hadde slutte å kjøyre på grunn av flaum i vegane. Likevel klarer flinke jenter å ordne seg skyss!

Framme på Koh Phangan. Prøver så godt me kan å halde motet oppe, til trass for lurande dødssnarer rundt kvar einaste sving.

Blir LITT lei av å ligge inne å lese bok kvar dag. Og tru meg, me prøvde verkeleg å finne på andre ting, òg!


Her, f.eks, har me skaffa oss regnponchoar! Ute på tur i byen, sjekker ut marknaden.

Kjøper lokal mat frå vognene. Nydeleg god.

Ditto frukt

Hundar er det mykje av rundt omkring her. Det er ganske mykje selskap i dei, om ein ikkje har anna å gjere.


Som sagt vart reisefølget utvida litt medan vi var stranda på Koh Phangan;

Lee, frå Canada

Maxime, frå England

Dog, frå Koh Phangan. (kan kanskje sjå ut som eit stakkar offer for flaumen, men han var rett og slett mest komfortabel med sjø opp til øyrene. Kjekk kar)

Shay, frå Canada

Shay og Lee har no reist heim att til Canada, trur eg. Me vart med Maxime hit til Kanchanaburi.



Her venter jentene i kø for å kjøpe seg båtbillett. Mission completed.

Me var ikkje dei einaste..

Dette var det som møtte oss på andre sida. Vegane var forsvunne, fossar langs sidene og bilar som vart ståande midt uti noko som ligna på ein innsjø.

....

Vatn på alle kantar. Lite leie av vatn.

Men NO, no har me det slik:


Heilt okay!
Likevell ligg eg og Birkeland inne på rommet for å legge inn bilete. Alt for varmt her. Me hadde det eigentleg ganske fint midt oppi flaumen..

onsdag 30. mars 2011

Evakuering

I dag har vore ein litt spesiell dag. Fekk beskjed i dagtidlig at dei no evakuerar øya me er på, òg. Så me vart nøydd for å reise ned til kaien og prøve å komme med ein militærbåt til fastlandet. Nede ved kaia var det tett med folk, fleire hundre, som venta på å komme med ein båt. Me måtte skrive navna våre og kor me ville dra til på ei liste. Me fekk beskjed om at dei ville lese opp dei som skulle få vere med til fastlandet, maks 150 personar. Me forstod fort at me ikkje kom til å komme med, så me reiste heim att. Fekk seinare høyre at den eine båten som skulle komme til Koh Phangan ikkje kom likevell. Vêret var for gale.

Så no sit me her fortsatt, usikre på ka tid me kjem herfrå. Har fått beskjed av fleire lokale at det er lurast å bare reise så fort me får moglegheit. Så me ventar til i morgon, reiser ned att til kaia og håper på å komme med. Dei har kjøyrt helikopter til Koh Samui i dag for å redde ut folk derfrå. Personleg har eg eit lite håp om at me no får moglegheita til å kjøre helikopter! Men berre litt..

Eg veit eg sa i går at eg skulle legge ut bilete, men har ikkje fått tid til det i dag. Skal fikse i morgon!
Sjølv om nyheitene høyres veldig fæle ut, så har me det veldig fint. Kosar oss på resorten vår, spelar kort og et mat. Stort sett.

Meir utfyllande oppdatering i morgon! God natt!

tirsdag 29. mars 2011

Lyspunkt

Vanlegvis, når me sit her i restauranten om kvelden, må me brøle til kvarandre for å høyre kva me seier. Regnet hamrar mot taket, mot golvet mot alt som er innan rekkevidde, og lagar enormt mykje lyd. Men i kveld, i kveld er det akkurat som om naturen har skrudd seg av. Det er heilt roleg. Som å samanlikne herlige Årdal ein sommarkveld med Times Square nyttårsafta. Så no håper vi det snur.

Elles er Koh Samui, kor me kom frå, evakuert av militæret og vegen til flyplassen o.l er stengde. Ingen båtar går til eller frå Koh Phangan, kor me er no, så me er så og sei fanga her. Men det er greit, det er fint her. Det blir som eit eige samfunn av oss som sit fast her. Folk skulle ha reist her frå for 2 dagar sidan for å rekke flya sine, men det er ikkje mogleg. Så no er det berre ein utruleg ro her, me kan ikkje gjere noko med det og me gjer det beste ut av det.

I dag var me inne i byen her, kjøpte oss regnponcho og åt på markedet. Veldig koselig. Bilder kjem i morgon.

Når me sat me på rommet og las, ringde plutseleg telefonen min. Det var tante Turid som ville høyre korleis situasjonen var. Det var godt å få ein bekreftelse på at det faktisk fins liv utanfor vårt vesle reiselag. Ein blir faktisk i tvil. Så eg takkar for den koselege telefonsamtalen!

Elles har denne dagen våre roleg og fin. Det byrjer bli tegn til flaum her og, vegar har blitt til elver og slikt, men me kjøyrer rett gjennom. Me blir våte og alle kleda våre luktar surt, men det ordnar seg.
Me er inne i reisemodus.
Likar det!

søndag 27. mars 2011

SJUKT!

Ok, regnet var morosamt dei fyrste dagane. No har det gått over alle grenser. Flaum på Koh Samui. Me kom oss akkurat avgarde før vegane vart stengde og me fanga. Me var utruleg letta då me kom oss på båten til Koh Phangan. Den tryggheita varte i omlag 5 minutt. Overfarta mellom øyene er den verste opplevinga eg noko gong har hatt. Dødsangst på høgt plan, utan sidestykke. 5-6 meter høge bølger, me i ein liten, skjør trebåt. Starta med litt voldsom hamring mot sidene, enda med å nesten velte med båten 3-4 gonger og panikk inne i båten. Eg var heilt sikker på at det var mine siste minutt. Så sjokket var ganske stort då me plutseleg sat i ein bil på land. Me er endå relativt rysta. Det vil seie, Ane Haarr sat med augene lukka heile turen, så ho hadde ikkje fått med seg heile situasjonen på same måte som meg og Ane Birkeland.

Akkurat no sit vi i resepsjonen på Power Beach Resort og held oss føre øyrene. Det tordnar og brakar over oss. Straumen lev sitt eige liv, og nettene her består av total mørke. For å seie det mildt, eg vil heim.
Men me satsar på at det gjer seg om nokre dagar. Meldingane tilseier i alle fall det. Hvis ikkje gidd ikkje eg sitte her med hjartet i halsen lenger.


Sidan det regnar og tordnar så mykje, har vi god tid til innandørsaktiviteter. Som å legge inn bilete:


Regnet starta rundt 2 på dagen, og vegane vart slik i løp av 10 min


Snik oss til litt leik på stranda mens det er opphald



Slakkline er fint å ha når me ikkje får sola oss



På toget. Veldig positiv opplevelse!


Ein vill sjø som me såvidt var uti


Me les mykje bøker..


Ymse metodar for å halde seg tørr


Den eine dagen me har våre på stranda


På marknaden, ein heldig gong me var tørre.



Håper dykk er heldigare med vêret heime. Her går det på både fysisk og psykisk helse laus.
(For dykk som måtte lese dette utan å kjenne min måte å snakke på, så øvedriv eg. Døtrene dykkars har det fint! Berre litt spente)