fredag 1. april 2011

Oppsummering

Ja, no har mykje skjedd på få dagar. På torsdags morgon fekk me nok ein gong beskjed om å kome oss ned til kaia og prøve å få tak i ein billett. Denne gongen med hell! På desse ventedagane har reisefølget utvida seg så smått, og dei nye medlemma vil bli presentert litt lenger nede. Nokon av dei har sjølvsagt forlete gruppa igjen, i og med at me har komt oss vekk frå øya. Då me kom i land på andre sida, vart me sjokkert over korleis det såg ut der. Kjem også lenger nede.
No har me komt oss trygt til ein stad nord for Bangkok som heiter Kanchanaburi. Her blir me nok til sola forlet oss igjen, så fylgjer me ho kor enn ho går. Kan sjå ut som om ho har tenkt seg til Laos. Så då blir det vel Laos, då.

Her kjem i alle fall bilete frå den siste tida:

Her venta me på skift på å få tak i ein taxi på Koh Samui. Det pøsregna og taxiane hadde slutte å kjøyre på grunn av flaum i vegane. Likevel klarer flinke jenter å ordne seg skyss!

Framme på Koh Phangan. Prøver så godt me kan å halde motet oppe, til trass for lurande dødssnarer rundt kvar einaste sving.

Blir LITT lei av å ligge inne å lese bok kvar dag. Og tru meg, me prøvde verkeleg å finne på andre ting, òg!


Her, f.eks, har me skaffa oss regnponchoar! Ute på tur i byen, sjekker ut marknaden.

Kjøper lokal mat frå vognene. Nydeleg god.

Ditto frukt

Hundar er det mykje av rundt omkring her. Det er ganske mykje selskap i dei, om ein ikkje har anna å gjere.


Som sagt vart reisefølget utvida litt medan vi var stranda på Koh Phangan;

Lee, frå Canada

Maxime, frå England

Dog, frå Koh Phangan. (kan kanskje sjå ut som eit stakkar offer for flaumen, men han var rett og slett mest komfortabel med sjø opp til øyrene. Kjekk kar)

Shay, frå Canada

Shay og Lee har no reist heim att til Canada, trur eg. Me vart med Maxime hit til Kanchanaburi.



Her venter jentene i kø for å kjøpe seg båtbillett. Mission completed.

Me var ikkje dei einaste..

Dette var det som møtte oss på andre sida. Vegane var forsvunne, fossar langs sidene og bilar som vart ståande midt uti noko som ligna på ein innsjø.

....

Vatn på alle kantar. Lite leie av vatn.

Men NO, no har me det slik:


Heilt okay!
Likevell ligg eg og Birkeland inne på rommet for å legge inn bilete. Alt for varmt her. Me hadde det eigentleg ganske fint midt oppi flaumen..

onsdag 30. mars 2011

Evakuering

I dag har vore ein litt spesiell dag. Fekk beskjed i dagtidlig at dei no evakuerar øya me er på, òg. Så me vart nøydd for å reise ned til kaien og prøve å komme med ein militærbåt til fastlandet. Nede ved kaia var det tett med folk, fleire hundre, som venta på å komme med ein båt. Me måtte skrive navna våre og kor me ville dra til på ei liste. Me fekk beskjed om at dei ville lese opp dei som skulle få vere med til fastlandet, maks 150 personar. Me forstod fort at me ikkje kom til å komme med, så me reiste heim att. Fekk seinare høyre at den eine båten som skulle komme til Koh Phangan ikkje kom likevell. Vêret var for gale.

Så no sit me her fortsatt, usikre på ka tid me kjem herfrå. Har fått beskjed av fleire lokale at det er lurast å bare reise så fort me får moglegheit. Så me ventar til i morgon, reiser ned att til kaia og håper på å komme med. Dei har kjøyrt helikopter til Koh Samui i dag for å redde ut folk derfrå. Personleg har eg eit lite håp om at me no får moglegheita til å kjøre helikopter! Men berre litt..

Eg veit eg sa i går at eg skulle legge ut bilete, men har ikkje fått tid til det i dag. Skal fikse i morgon!
Sjølv om nyheitene høyres veldig fæle ut, så har me det veldig fint. Kosar oss på resorten vår, spelar kort og et mat. Stort sett.

Meir utfyllande oppdatering i morgon! God natt!

tirsdag 29. mars 2011

Lyspunkt

Vanlegvis, når me sit her i restauranten om kvelden, må me brøle til kvarandre for å høyre kva me seier. Regnet hamrar mot taket, mot golvet mot alt som er innan rekkevidde, og lagar enormt mykje lyd. Men i kveld, i kveld er det akkurat som om naturen har skrudd seg av. Det er heilt roleg. Som å samanlikne herlige Årdal ein sommarkveld med Times Square nyttårsafta. Så no håper vi det snur.

Elles er Koh Samui, kor me kom frå, evakuert av militæret og vegen til flyplassen o.l er stengde. Ingen båtar går til eller frå Koh Phangan, kor me er no, så me er så og sei fanga her. Men det er greit, det er fint her. Det blir som eit eige samfunn av oss som sit fast her. Folk skulle ha reist her frå for 2 dagar sidan for å rekke flya sine, men det er ikkje mogleg. Så no er det berre ein utruleg ro her, me kan ikkje gjere noko med det og me gjer det beste ut av det.

I dag var me inne i byen her, kjøpte oss regnponcho og åt på markedet. Veldig koselig. Bilder kjem i morgon.

Når me sat me på rommet og las, ringde plutseleg telefonen min. Det var tante Turid som ville høyre korleis situasjonen var. Det var godt å få ein bekreftelse på at det faktisk fins liv utanfor vårt vesle reiselag. Ein blir faktisk i tvil. Så eg takkar for den koselege telefonsamtalen!

Elles har denne dagen våre roleg og fin. Det byrjer bli tegn til flaum her og, vegar har blitt til elver og slikt, men me kjøyrer rett gjennom. Me blir våte og alle kleda våre luktar surt, men det ordnar seg.
Me er inne i reisemodus.
Likar det!

søndag 27. mars 2011

SJUKT!

Ok, regnet var morosamt dei fyrste dagane. No har det gått over alle grenser. Flaum på Koh Samui. Me kom oss akkurat avgarde før vegane vart stengde og me fanga. Me var utruleg letta då me kom oss på båten til Koh Phangan. Den tryggheita varte i omlag 5 minutt. Overfarta mellom øyene er den verste opplevinga eg noko gong har hatt. Dødsangst på høgt plan, utan sidestykke. 5-6 meter høge bølger, me i ein liten, skjør trebåt. Starta med litt voldsom hamring mot sidene, enda med å nesten velte med båten 3-4 gonger og panikk inne i båten. Eg var heilt sikker på at det var mine siste minutt. Så sjokket var ganske stort då me plutseleg sat i ein bil på land. Me er endå relativt rysta. Det vil seie, Ane Haarr sat med augene lukka heile turen, så ho hadde ikkje fått med seg heile situasjonen på same måte som meg og Ane Birkeland.

Akkurat no sit vi i resepsjonen på Power Beach Resort og held oss føre øyrene. Det tordnar og brakar over oss. Straumen lev sitt eige liv, og nettene her består av total mørke. For å seie det mildt, eg vil heim.
Men me satsar på at det gjer seg om nokre dagar. Meldingane tilseier i alle fall det. Hvis ikkje gidd ikkje eg sitte her med hjartet i halsen lenger.


Sidan det regnar og tordnar så mykje, har vi god tid til innandørsaktiviteter. Som å legge inn bilete:


Regnet starta rundt 2 på dagen, og vegane vart slik i løp av 10 min


Snik oss til litt leik på stranda mens det er opphald



Slakkline er fint å ha når me ikkje får sola oss



På toget. Veldig positiv opplevelse!


Ein vill sjø som me såvidt var uti


Me les mykje bøker..


Ymse metodar for å halde seg tørr


Den eine dagen me har våre på stranda


På marknaden, ein heldig gong me var tørre.



Håper dykk er heldigare med vêret heime. Her går det på både fysisk og psykisk helse laus.
(For dykk som måtte lese dette utan å kjenne min måte å snakke på, så øvedriv eg. Døtrene dykkars har det fint! Berre litt spente)

torsdag 24. mars 2011

Stemning på topp!

Monsumregn, froskeangrep, blomstergardiner, store bryst(A&A), litt mindre bryst (A), sand i trusa, GOD mat, fantastisk masasje, ikkje så fantastisk voksing, trafikkulukker, bølger såpass store at me ikkje kjem oss uti vatnet og thaimenn som vil spandere tequila (me sa sjølvsagt NEI).
Kjapt oppsummert.

Me solar oss om morgonen, går langs stranda og kjøper fersk mango, tek masasje og et heilt til regnet kjem, då må me søke tilflukt i hytta vår. I dag brukte me ventetida på å sove. Håper me klarer å vende oss av med dette.
Me har ennå ikkje gjort noko som er særleg oppsiktsvekkande, men me kosar oss veldig.

Kort kjem når sola kjem. Gidd ikkje skrive kort i regnvêr. Det føles bare feil.

mandag 21. mars 2011

Framme

KLAMT

Det er så varmt, her. Og regnet som var meldt, det ser me ikkje noke til. Reiseruta vart endra litt av forskjellege grunnar. No går turen fyrst til Koh Samui. Så får me sjå litt. No ligg me i ei seng på eit hotellrom som me fekk for dagen og ventar på toget vårt.
Har ikkje stort å fortelje ennå, men måtte bare gje livstegn frå meg når eg fyrst hadde internett!

Ynskjer du kort, må eg ha adressa.
Ha ein fin, kald vår. Eg kjem att når det byrjar bli bra.

Love and hugz

søndag 20. mars 2011

Siste kveld

Veldig lite å seie i dag.
Fokuset ligg mest på å prøve å bli frisk, i og med at eg vakna i dag med noko som minnar om influensa. Det passa meg ekstremt dårlig. Har benytta meg av alle triks i boka, der i blandt gurgle vademecum, drukke varmt vatn med sitron i, tatt fleire dosar med solhatt og gitt kroppen c-vitaminsjokk.

Ellers har eg bestemt meg for å ikkje ta med meg pcen på tur, men skal prøve å blogge så ofte eg har molegheit.

Me er veldig spent, alle saman!
Satsar på å kome med eit litt meir lystig innlegg snarast.
Adios