fredag 25. februar 2011

Februar

Februar er ein merkeleg månad. Eg hugsar aldri noko frå februar. Det trur eg er fordi det er ein utruleg kjedeleg månad. Det har i alle fall denne våre. Her i huset driv folk berre med jobbing og skule. Me som skal til Thailand kjenner litt på sommarfuglar, men elles er det ganske gørr. Eg har funne ut at budsjettet mitt ikkje held til halvveis i turen ein gong. Muligens til Flesland og ei pølse der, men ikkje stort meir. Så då manglar eg penger til overnatting, reising, dykkarsertifikat, mat, solkrem og alle dei fine skreddarsydde kjolane eg kunne tenkt meg. Pluss litt til. Men heldigivis er det mogleg å bruke pengar ein eigentleg ikkje har, og heller skaffe dei etterpå. Ein litt skummel måte å gjere det på, men må ein, så må ein.

Ane og Ane ligg litt betre ann. Dei har kjøpt seg fine kjolar, fløyelsmjuke nakkeputer, tøffe sekkar og skikkeleg solkrem. Så slik blir det; der gjeng dei to, eg på sida med mor sin gamle trimshorts, kink i nakken etter 12 timar på fly, bergansranselen til Helga, som er full av blyantspiss, og forbrendt og øydelagd i huda, i og med at eg må bruke 3 år gammal solkrem, noko som er svært skadeleg. I tillegg har dei, i motsetning til meg, hatt råd til treningskort denne våren, så dei er i sitt livs form, dansar og skin i sola, medan eg pesar og pustar, alltid halvannan meter bak.

Det ser lyst ut.
Det er tross alt februar.