onsdag 2. desember 2009

Kvar vart det av livet?

Akkurat no er ikkje livet noko å samle på.

Kjetil, Åsmund og Ann-Kristin, pluss 80 elevar er forsvunne. Dei reiste i går, Ann-Kristin med Musikk og MD til London, Kjeilt og Åsmund med FF og BC til Sverige. I tillegg reiste AS på overnattingstur i går kveld, som forresten var ein usannsynleg dårleg kveld:

  • eg var åleine
  • eg var trøtt etter rangling med Ruth
  • medan eg såg på frustrerte fruer, skrudde pcen seg av midt inni.
  • eg fekk på pcen att, såg how i met your mother, han skrudde seg av ein gong til (endå eit julegåvetips, mor)
  • etter pcen hadde skrudd seg av for andre gong, var det halvannan time til kveldsmat, så eg leste litt i boka mi for å få klokka til å bli 8.
  • vakna klokka 9..
  • la meg til å sove, utan kveldsmat, klokka halv 10. 

Når eg vakna i dag var livet litt betre. Fekk ein oppblåst ballong med myntar inni i pakkekalenderen. Forsåvidt nøgd med det. Kva kan ein forvente?

No må eg bort å ete lunsj. Gjekk glipp av frokosten i dag og, så på tide å få i seg litt mat. Gler meg!


3 kommentarer:

  1. kvifor er ikkje du med??

    du har i alle fall pakkekalendar

    SvarSlett
  2. betyr det ikke no at Reis er på skolen da, hm? haha kanskje vi ikke har lyst å ha deg med til Kenya alikevel, og tar med Åsmund (til Maris begeistring) istedet.

    SvarSlett
  3. jo, det er klart det gjer!
    ta meg med, eg klarar mesten ikkje vente.
    reknar med at det vert ein god del fotoskåt i kenya? team astrid&astrid

    SvarSlett