tirsdag 2. november 2010

Haust!

I dag var den gode dagen. Den dagen då eg begynte på ex.fac oppgåva mi som eg har vegra meg for å byrje med i over ein månad. Den dagen då dei byrja selge mandariner i butikken. Den dagen då eg oppdaga alle dei fine haustfargane. Den perfekte dagen for å byrje blogge att!

For min kjære sambuar Ane Birkeland var ikkje denne dagen like god. Ho måtte på skulen. Ho måtte vente på meg ved kyrkja. Ho såg ei fuglevinge på bakken. Ho hadde 34 kroner, og måtte be meg leggje ut for margarin og gulerøter.
Men kjekk er ho. Då eg møtte ho ved kyrkja, sa ho "Jeg blir så mye mer glad av å se deg enn alle andre som går her! Hadde jeg hatt hale hadde jeg logra!" Ein god dag vart endå betre.

No er det tid for middag, og etter det skal eg ha meg ei mandarin. Årets fyrste!





1 kommentar:

  1. Ååååå!! DOKKEBAKKEN! Jentene i dokkebakken! Herlig!!
    eg prøvar å forstå spansk. mari har hol i skrittet. meir enn alle andre, ho har hol heilt ut til buksa. den revna. google pablo neruda og då veit du kva me drive med. isla negra imorgon! gjer fac´en din! elskar deg, gler meg til kos.systra di

    SvarSlett