torsdag 2. desember 2010

XAMEN

Sidan eg no berre har to effektive dagar att til eksamen, og har ein god del stoff att å lese, bruker eg den effektive tida mi på å skrive på bloggen. Eg og Ane Birkeland sit på studentsenteret og teiknar sol rundt antikken og skriv navna våre i staden for det vi skal skrive. Eksempel på kva eg burde skreve: "I nytteetikken forstås lykke vanligvis hedonistisk som lyst og fravær av smerte, men i dygdsetikken forstås lykke snarere som en form for vellykket virksomhet som har med selvrealisering å gjøre".
Rundt dette bordet er alle (Ane og meg) einige om at den høgste lykke er å bli ferdig med eksamen. Og julemiddagen. Ikkje ferdig med julemiddagen. Men rett før.

Sånn ellers i livet er det ikkje stort å rapportera om. Det eg kjem på er:
- konsert i morgon
- Thailand i mars
- jul 24.desember
- Ane har og fått jobb på Salsa (ja, me er så godt som ein mekanisme med to hjernar snart)
- Kakemann-baking på laurdag

Håpar på å få legge inn ein hendingsrapport frå juleverkstaden på laurdag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar