fredag 22. januar 2010

Haydom

Fyrst må eg beklage for dårleg aktivitet på bloggen, men mykje har skjedd, og intenett har våre langt vekke. Men no er me komne til Haydom Lutheran Hospital, og her har me funne oss ein internett-kafé. Eg kan dessverre ikkje få publisert bilete på denne maskina her, men lovar at det skal kome ut snarast mogleg.

Det som har skjedd, er mykje. Siste del av Nairobi gjekk med på å vandre i slummen, ete krokodille og gå på ein smell med frisørbesøk. Vi vart kjent med ein frisørskule, og det var ingenting dei heller ville, enn å få dulle med det nydelige, mjuke håret som me nordmenn har.
Norke gjekk for laushår, nokon fletter og andre krøller. Alt forsvann i løp av eit døgn. Men det var ein fantastisk opplevelse, og me angrar ikkje på det. Så lenge me fekk håret vårt tilbake..

Etter Nairobi, tok me turen til Arusha, Tanzania. Kjøyreturen tok 7 timar, og var alt for kort. Det var så utruleg mykje å sjå langs veien, at ingen trudde på at turen hadde tatt 7 timar. Me kjøyrde rett gjennom maasai-land, og det var ein fantastisk natur. Ubeskriveleg.

Arusha var ein flott plass. Me budde også her på Scripture Mission sine lokaler, og levde fine dagar med eit hus for oss sjølv. Her var me i slangepark, nok ein gong, fekk sjå på at slangane vart mata med levande høns og mus. Forferdeleg å sjå på. Men slik er vel naturen..
Me var og innom eit maasai-marked, og vart nærast dradd inn i skura deira etter håret. Me vart nøydde til å kome oss ut derfrå, og satse på at alle vart med. Idet med kjøyrde ut fra staden, kunne me fortsatt høyre "come, sistah, see wat i gat for yo!" runge mellom husveggane.
Siste kvelden i Arusha, vart me anbefalt å besøke ein restaurant med navn Kahn's. Me syns det høyrdes heilt greit ut, men vart litt skeptiske då me var på vei ner ei mørk bakgate der strømmen hadde gått. Taxisjåføren sette oss av, og kjøyrde. Så stod me der. Me sette oss på eit bord, og ein kelner fortalte oss at me måtte forsyne oss med salat. Nokre gjorde det, andre ikkje. Eg gjorde ikkje, og vart ikkje sjuk. Andre gjorde. Men for all del, ein fantastisk opplevelse! Såklart.

Etter Arusha, var det tid for safari! Me vart henta tidleg onsdags morgon, og kjøyrde til Lake Manyara Nationalpark. Der fekk me sjå apekattar og bavianar, sjiraffar i store flokkar, bøfflar på strande, flodhestar i vatnet og elefantar på nært hold. Me fekk til og med sjå ein elefant ta den daglege vasken, verre 20 meter frå bilen vår. Eit fantastisk syn! Me var imponerte, og nøgde, heilt til me, dagen etter, kom opp på toppen av Ngorongoro-krateret og fekk sjå ned. Eg smørar ikkje tjukt på når eg seier at elevar felte tårer og eg sjølv hadde syns det var heilt greit om alt slutta akkurat der. Men eg vart sjølvsagt brutalt dradd vekk frå den tanken. Me skulle jo ned dit! Då me byrja turen ned over, tenkte eg at det kanskje berre hadde vore like greit å holdt på tanken eg hadde der oppe, for denne turen var umogleg å overleve, uansett. Stort sett rett ned, bilen halvveis på sida og, sjølvsagt, ikkje noko setebelte. Men me kom oss ned. Eg kan sjølvsagt fortelle i detalj om kva me såg, men det har eg ikkje tid til. Me fekk sjå sebra, gnu, struts, bøffel, nasehorn, flodhest, elefant og best av alt; løver på jakt etter ein bøffelflokk. Me hadde 3 løver ein meter frå bilen, der dei gjekk og traska tålmodig for å vente på at det rette tidspunktet til angrep skulle komme. Me gadd sjølvsagt ikkje vente heilt til natta, så me kjøyrde vidare, og fekk ikkje vere vitne til noko særleg action. Men flotte dyr, det er det sanneleg.

Me kom oss opp at frå krateret, som eit under spør du meg. Me tilbrakte vår siste natt på Moyo Hill, kor me sov i stråhytter, og reiste i dagtidleg hit til Haydom. Har ennå ikkje gjort så mykje her, men fartinga byrjar vel i morgon, tenkjer eg.
Når eg kjem tilbake til Arusha på fredag, skal eg prøve å få lagt ut bilete frå alt eg har opplevd.

Litt lei av edderkoppar i senga mi, men eg klarer vel det 20 dagar til.

Asanti Sana, Squash Banana!
(Tusen takk, knust banan!)

2 kommentarer:

  1. Fantastisk, Astrid. Gleder meg til bileta kjem :) Ser du brukar løvenes konge språket for fullt! Du får synge Fatse, leso til dei.

    SvarSlett
  2. HAHAHA ASANTI SANA SQUASH BANANA!!!

    åååh! ssssssTH !!

    gi meg noko shadowland seieg. her om dagen kom den på medan eg sprang og eg tenkte at det var du som song og så sprang eg endå fortare før eg nesten måtte stoppe fordi eg vart så rørt.
    soft som smør på komlå!

    Fy flate eg glede meg te bilder, og eg glede meg te malawi og eg glede meg te st petersburg, russland og 33 minusgrader på torsdag!!! shit, eg vonar me overleve liva våre

    SvarSlett