søndag 10. januar 2010

Karibu!

Framme! Endeleg. Flyturen var fantastisk lang, og fantastisk søvnlaus. Eg var utstyrt med verdas beste nakkepute. Likevel vart det lite søvn, og eg fekk god tid til å benytte meg av skjermen som var utstyrt på kvart sete, med film og anna underholdning. Nei, vent, min skjerm var vel den einaste i heile flyet som ikkje verka? Slik var det, ja.

Nei, eg lid ikkje så voldsomt. Når me landa i dag tidleg klokka 7 lokal tid, 5 norsk tid, var humøret på topp! Me vart henta av ein buss med sjåfør som skal vere vår resten av turen. På vei ut frå flyplassen til den norske skulen kor me bur, fekk me kjent litt på Afrika. Både i form av svettelukt, sjiraffar langs vegen, avisselgerar i rushen på motorvegen og dei flate løvenes konge-trea.



Eg skal ikkje skryte på meg dette biletet, heller ikkje at ein har opplevd ein så fin afrikansk solnedgang, faktisk ikkje ein afrikansk solnedgang i det heile. Men mitt kamera er tom for batteri, og eg har ikkje adapter. Dette skal sjølvsagt fiksas snarast mogleg.
Kva som vert planen i morgon, veit eg ikkje, men noko kjekt blir det!
Eg skal passe på å informere alle så godt eg kan om kor kjekt me har det!
Hade!
("karibu" betyr "hei", forresten)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar