tirsdag 12. januar 2010

Kamera i boks

No er kameraet oppe og går, og de skal få eit lite innblikk i kva eg ser om dagane. Dette er bare eit lite utvalg, eg kan ikkje få med meg alt. Det som stadig vert nevnt gruppa i mellom,  er at me kan ikkje forstå at me berre har våre her i 3 dagar. Det føles som om me allereie har opplevd heile Afrika, og at me snart skal heim att. Men det skal me ikkje. 

Bileta her viser litt kva me gjorde dag 2. Vi var innom ein elefantbarneheim og ein slangepark. Dessverre utebler bilete av slangar, men det var andre skapningar i parken, og. Håpar mange blir misunnlege når dei ser kva me driv med!  


Rommet vårt her i Nairobi


Elefantføter er klumsete, men veldig sjarmerande. Dei har puter under, så ein kan mesten ikkje  høyre at dei går. 


Skilpadder har kanskje endå meir klønete føter enn elefantane igjen. Me fekk vere vitne til elskov mellom to av dei. Også ein ganske klønete prosess.


Rett der me parkerte bussen var det ein flokk med deisse. Villsvin? I alle fall utruleg stygge dyr. 


Her er gjengen i bussen og gira etter møte med både apekattar, elfantar og galne afrikanarar på marknaden.


Elefantar på omlag eit halvt år. Kosete skapningar.


Overraskande små. Til å ete opp.


Snakkast snart!


1 kommentar:

  1. i høve motivasjonen sig sidan du ikkje får kommentarar. alle er nok svært misunnelege! om dei ikkje har betre å ta seg til enn dødssyndar. eg høyrer thug.music og tøffar meg så mykje eg får lov til. skjer mykje, men ikkje mykje nytt å melde. keep it up. gi meg bileter av brunfargen.

    SvarSlett