søndag 17. april 2011

Kommentar

Tredje innlegg på same dag, eg er rett imponert over meg sjølv. No var det fleire grunnar til at eg følte trang til å skrive endå ein gong.

For det fyrste; Me som er her i Thailand syns det er veldig kjekt å fortelje korleis me har det. Men det me syns er aller kjekkast er når nokon snakkar tilbake til oss. I dette tilfellet snakkar eg altså om kommentarar på innlegga. Eg legg merke til at det ofte er så mange som 50 hits om dagen (oyes!), men ikkje ein einaste kommentar. Så tenkjer eg; korleis kan dette ha seg?
Det einaste fornuftige svaret eg kjem på, er; Dei veit ikkje korleis dei kommenterer! Det må det vere, for sjølvsagt har alle LYST til å bruke omtrent 1 minutt av internett-tida på å fortelje oss kor glade dei er i oss/kor kjekt det ser ut som me har det/kor utruleg fine me er (meg og Haarr, det).
Så no kjem innføringskurs i kommentering. Altså;

Trykk på "kommentarer", skriv noko fint i kommentarfeltet. På "kommenter som", velger du Navn/Nettadresse og så skriv du inn namnet ditt der. Trykk "fortsett" og sidan "legg inn kommentar".
SLIK. Då forventar eg kommentarar. No har de ingen unnskyldning. Til og med du, mor, kan få til det.

Den andre grunnen var denne:



Ynskjer alle ei god natt!

5 kommentarer:

  1. Eg er ikkje vond å be, sjølv om du eigentlig ynskjer kommentarer frå mor di. ( ane h kan læra deg litt om mordi humor)...
    Fantastisk kjekk blogg, eg gler meg til kvar dag, med tanke på at du har lagt inn ny info. Fortsett og hald oss oppdatert. Så må du gi Ane H ein god klem frå meg. Ha ein fin ferie vidare. Helsing Oddvar.

    SvarSlett
  2. Takk far. Du er veldig kjekk (mordi er kjekk) Klem

    SvarSlett
  3. Hallo jenter ! Klart vi kan kommentere en imponerende artig blogg med så mange blide fjes og andre flotte knipsinger. Jamen har dere valgt et interessant land å besøke. Hvis jeg hadde vært på ferie på andre sida av jorda og opplevd tyfoner, nestenhavari, flom, evakuering, jordskjelv ( heldigvis oppe imot Burma ) og nå litt krig med Laos, så hadde jeg vel pilt hjem for lenge siden. Men det gjør ikke jenter med tæl, slik dere viser. Misunner dere tilværelsen, nå som hverdagen her hjemme er like rundt hjørnet etter at påsken går mot slutten. Håper helsa holder og at dere tar med hjem minner for livet. Masse hilsen fra pappa'n til Anebirk.

    SvarSlett
  4. Hei igjen. Dere må selvsagt bytte ut Laos med Kamputchea i forrige kommentaren min. Så det med en gang jeg hadde sendt den. Et tempel er det vel ingen som gir fra seg frivillig på disse kanter. Grunnen til at profilen "Anonym" velges, er at det oppstår feilmelding på vanlig epost-adresse. Tut og kjør, jenter. Hilsen Anepappa John.

    SvarSlett
  5. Hei!
    Dåkker e kulare enn meg, å då e dåkker ganske over middels, vil eg påstå.
    Kos dykk gløgg ihjel! Eg e sjalu!!

    SvarSlett