lørdag 19. mars 2011

...2

19.mars, 2 dagar til avreise.

Gløym det eg sa i går om "men så er det ikkje stort eg skal ha med meg".
I dag har eg reist til Bergen, og hadde sjølvsagt gløymt alle sommarkleda eg hadde her. Hadde og gløymt at eg må ha med meg sko. Og sjølvsagt må eg ha med meg ganske mange par med sandalar. Så no veg sekken omtrent 10 kilo tyngre enn planlagt. Men det mest negative som kan kome ut av det, er at eg vert sterkare i ryggen, og kjem heim sjåande ut som ein solbrun og blond versjon av Marit Bjørgen. Hatar når det skjer.



I tillegg har eg pakka med meg alt mogleg av praktiske MacGyver-ting eg har funne i leiligheita. Så sekken er godt stappa med både ein rull med plastposar, elastisk bandasje (kvifor har eg slikt liggande rundt på rommet mitt?), betennelsesdempande krem og nokre klesklyper. Ein veit aldri.

Og forresten fekk ikkje Kristian fri til å komme på besøk denne helga, så no erklærar eg om litt krig mot forsvaret. Gidd ikkje finne meg i slikt. (kjende eg vart litt redd av å annonsere noko slikt på interveven, så om nokre som har innflytelse mot all formodning les dette, så meiner eg det ikkje. Det er berre for å underhalde.)
Heldigvis kjem Kristian, Joachim og Sjur på besøk om 3-4 veker. Det ser me alle fram mot!

Såja, det var dagens update. Om nokon har våre i Thailand og har tips til kva anna eg må hugse av MacGyver utstyr eller klede, gjerne minn meg på det.

No sit eg aleine i leiligheita og venter på at nokon skal kome heim. Eg er svolten. Men ingenting skjer. Trur ikkje voksenlivet er heilt mi greie endå.
Hade

1 kommentar:

  1. hade

    vaskepulver til å skylle trusene i vasken e gull, hvis dokke skal holde dokk i byar noko særlig. på øyane stel dei ikkje kleda trur eg.
    men du treng ingen kle.
    du skal jo vere naken?
    eit par sandalar, eit par joggesko.

    helsing årdal.
    firkløver og ringenes herre med Ø og M.
    fortent!

    SvarSlett