onsdag 30. mars 2011

Evakuering

I dag har vore ein litt spesiell dag. Fekk beskjed i dagtidlig at dei no evakuerar øya me er på, òg. Så me vart nøydd for å reise ned til kaien og prøve å komme med ein militærbåt til fastlandet. Nede ved kaia var det tett med folk, fleire hundre, som venta på å komme med ein båt. Me måtte skrive navna våre og kor me ville dra til på ei liste. Me fekk beskjed om at dei ville lese opp dei som skulle få vere med til fastlandet, maks 150 personar. Me forstod fort at me ikkje kom til å komme med, så me reiste heim att. Fekk seinare høyre at den eine båten som skulle komme til Koh Phangan ikkje kom likevell. Vêret var for gale.

Så no sit me her fortsatt, usikre på ka tid me kjem herfrå. Har fått beskjed av fleire lokale at det er lurast å bare reise så fort me får moglegheit. Så me ventar til i morgon, reiser ned att til kaia og håper på å komme med. Dei har kjøyrt helikopter til Koh Samui i dag for å redde ut folk derfrå. Personleg har eg eit lite håp om at me no får moglegheita til å kjøre helikopter! Men berre litt..

Eg veit eg sa i går at eg skulle legge ut bilete, men har ikkje fått tid til det i dag. Skal fikse i morgon!
Sjølv om nyheitene høyres veldig fæle ut, så har me det veldig fint. Kosar oss på resorten vår, spelar kort og et mat. Stort sett.

Meir utfyllande oppdatering i morgon! God natt!

1 kommentar:

  1. Jøye meg, va møje action! Såg faktisk om tilstanden hjå dåkke på nyhedne idag. Men virke jo som dåkke tege det som ein opplevelse, og det e det jo forsåvidt. Så fortsett med det:)
    Take care!
    Helsing solå di i Bergen.

    SvarSlett