tirsdag 29. mars 2011

Lyspunkt

Vanlegvis, når me sit her i restauranten om kvelden, må me brøle til kvarandre for å høyre kva me seier. Regnet hamrar mot taket, mot golvet mot alt som er innan rekkevidde, og lagar enormt mykje lyd. Men i kveld, i kveld er det akkurat som om naturen har skrudd seg av. Det er heilt roleg. Som å samanlikne herlige Årdal ein sommarkveld med Times Square nyttårsafta. Så no håper vi det snur.

Elles er Koh Samui, kor me kom frå, evakuert av militæret og vegen til flyplassen o.l er stengde. Ingen båtar går til eller frå Koh Phangan, kor me er no, så me er så og sei fanga her. Men det er greit, det er fint her. Det blir som eit eige samfunn av oss som sit fast her. Folk skulle ha reist her frå for 2 dagar sidan for å rekke flya sine, men det er ikkje mogleg. Så no er det berre ein utruleg ro her, me kan ikkje gjere noko med det og me gjer det beste ut av det.

I dag var me inne i byen her, kjøpte oss regnponcho og åt på markedet. Veldig koselig. Bilder kjem i morgon.

Når me sat me på rommet og las, ringde plutseleg telefonen min. Det var tante Turid som ville høyre korleis situasjonen var. Det var godt å få ein bekreftelse på at det faktisk fins liv utanfor vårt vesle reiselag. Ein blir faktisk i tvil. Så eg takkar for den koselege telefonsamtalen!

Elles har denne dagen våre roleg og fin. Det byrjer bli tegn til flaum her og, vegar har blitt til elver og slikt, men me kjøyrer rett gjennom. Me blir våte og alle kleda våre luktar surt, men det ordnar seg.
Me er inne i reisemodus.
Likar det!

2 kommentarer:

  1. Guri Astrid, d blei mykje vatn på en gong ditta!! det snur no snart, hald ut! d e en del so sitte på nåle her heime, og gjer det so går for å så snudd d....;) if u know what i mean! :) viss en he komt so longt i ej edritleiregnet"-modus må en kanskje flire litt ta det. so gå ut i regnet og brøl og dans, so kjeme sola snart!
    vi fylle med! Klem keg :*

    SvarSlett
  2. det er i alle fall ingen som spør korleis veret er i årdal lenger.

    SvarSlett